SPOR – ei vandring i norsk folkemusikk

Me er som tidlegare nemnt godt i gong med ein innhaldsrik vår! Det vart dessverre ingen Grammy på SPES og Morten Lindberg tidlegare i februar, men me er likevel så stolte over at albumet vårt vart nominert til ein så gjev pris! I våre auge er det ein siger i seg sjølv 🙂

No ser me framover mot vårens store happening, nemleg konsert i Nidarosdomen! Konserten har fått tittelen SPOR, og finn stad 1. og 2 april. Her vil det meste av repertoaret vere norsk folkemusikk, med særleg fokus på musikk frå Midt-Noreg. I dette høve er Cantus så heldige at me får med oss dei dyktige folkemusikarane Unni Boksasp og Trygve Brøske. Unni er folkesongar, medan Trygve er pianist og komponist. Dei er med oss på øvingar no gjennom våren, og utfordrar oss til å utforske musikk med ein vokaltradisjon dei færraste av oss har prøvd før. Dette er både spennande og lærerikt!

Under konserten vil me utforske det fantastiske kyrkjerommet Nidarosdomen har å by på. Me har derfor også fått med oss koreografen Päivi Järvinen frå Finland. Ho vil hjelpe oss med å få fram eit visuelt uttrykk som forsterkar og komplimenterar folkemusikkens musikalske uttrykk. Nærleik til publikum er eit sentralt stikkord under denne konserten. Me vil som alltid prøve å skape eit emosjonelt uttrykk som supplerer det musikalske, og som treff publikum.

Dette vert med andre ord ein spennande og unik konsert som me ser veldig fram til! Meir informasjon om tidspunkt og billettar finn du til høgre her på nettsida under «kva skjer»-fana.
Då gjenstår det berre å ynskje deg hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå deg der!