Frå bursdagsfeiring til julefeiring!

11.-13. november hadde Cantus ei innhaldsrik og inspirerande øvingshelg utanom det vanlege. Koret hadde behov for input og nye utfordringar, og det fekk vi så absolutt. Vi fekk nemleg besøk av den amerikanske komponisten Eric William Barnum. Dette i samanheng med at han nettopp hadde skrive eit musikkstykke til oss, The Snow Shower, som vi skulle urframføre den helga. Han hadde veldig lyst til å kome til Trondheim og besøke Cantus, og dette sa vi sjølvsagt ja takk til!

Barnum er ein dyktig komponist som etter vårt USA-besøk verkeleg har fått sansen for vårt musikalske uttrykk. Begeistringa er gjensidig. Musikken hans passar koret godt. Koret har ved fleire høve framført eit anna verk han har laga, Heaven full of stars. Vi er spesielt glade i korleis han så fint klarer å fokusere på teksta og det den vil formidle, samtidig som han brukar ein tonalitet som utfyllar og framhevar bodskapet. I tillegg er det veldig artig å bli utfordra som songarar.
 
I løpet av helga øvde vi både i Nidarosdomen og på vakre Snefugl gard i Buvika. Vi fekk vere heile laurdagen på garden og det var verkeleg ei fin ramme å synge i! Ein vakker stad med mykje historie, hyggeleg vertskap og kjempegod mat. Både vi og Barnum sette veldig pris på å få øve i så koselege og heilnorske omgjevnader. Det var ei spesielt flott oppleving for den amerikanske gjesten vår, som faktisk har norske anar.

Hovudramma for helga var at Cantus feirer 30 år i 2016 og dette måtte vi feire! Helga vart avslutta med to bursdagskonsertar på søndagen i Frimurerlogen. Vi serverte gjestane våre kaffi og kaker, slik seg hør og bør på ein bursdagsfest! Konsertrepertoaret bestod av Cantus-musikk gjennom 30 år. Ein fekk mellom anna høyre Tante Sofies sinte vise arrangert av Trygve Brøske, Spes frå plata med same namn som vart Grammynominert i fjor, der Frode Fjellheim er komponist, og Lauvfall arrangert av Henning Sommerro. Alle desse er musikarar Cantus har samarbeida mykje med. Publikum fekk altså oppleve både gammal og ny, ukjent og kjent musikk i løpet av konserten. Det store høgdepunktet for oss var å få urframføre verket av Barnum som vi hadde øvd intenst på gjennom helga. Og ikkje nok med det, komponisten sjølv skulle dirigere! Konsertane vart ein stor suksess og vi koste oss skikkeleg saman med han og publikum. Cantus vil takke alle som deltok i feiringa saman med oss. Det var stas!

Fekk du ikkje med deg konsertane førre helg? Fortvil ikkje, snart kjem det nye moglegheiter! Tradisjon tru inviterer vi til julekonsert og Luciamorgen i Vår Frue kyrkje i desember. Vi garanterer julestemning og tør å kalle det førjulstidas høgdepunkt.

Søndag 11. desember held vi konserten Nå tennes tusen julelys der du får høyre kjente og kjære julesongar, samt nokre heilt nye og spennande saker. Konserten startar kl. 19.00. Er du ein morgonfugl kan Luciamorgon passe for deg. Tysdag 13. desember kl. 07.30 inviterer vi og 5. klasse på Tonstad skule deg inn til tente lys, luciasongar og lussekattar. Det vil vi kalle ein koseleg start på ein kald desembermorgon!

Billettane fyker unna, så her gjeld det å sikre seg billettar før det vert utselt! Billettar kan du kjøpe på hoopla.no. Meir informasjon og lenke til billettkjøp finn du på hendinga i margen på denne sida. Vi gledar oss til å sjå deg der, velkomen skal du vere!!


15170991 10157631874920018 4633366364832133660 n

Høst og nytt semester

Høstsemesteret er godt i gang, og det er også vi i Cantus. Som alltid gjør det så utrolig godt å se alle igjen, ta fram notemappa og finne plassen sin i halvsirkelen foran Tove. Vi ser frem mot en utrolig spennende høst, fylt med mye sang og nye fantastiske konsertopplevelser. Julekonsertene er en selvfølge. Også i år blir det Lucia-konsert og Nå Tennes Tusen Julelys. Selv om noen gleder seg mest til det kjente og kjære julerepertoaret må vi vente litt, for det er mye annen fin musikk som skal øves, synges og fremføres før den tid.

Det skjer også utrolig mye spennende i kulissene for tiden. Vi har nettopp blitt ferdig med et større prosjekt som vi må holde tett om enda litt til. Men gjett om vi gleder oss til å avsløre hva som venter!

Følg med videre for mer informasjon om hvor du kan høre Cantus denne høsten.

 

Vi gleder oss til nok en høst full av sang og gode opplevelser!

b_574_430_16777215_00_images_1sopstud.jpg

 

SPOR - ei flott og spesiell oppleving

No har me, litt etter litt, landa etter ei innhaldsrik veke. Heile førre veke øvde me kvar kveld i vakre Nidarosdomen. Oppkøyringa til og gjennomføringa av Spor var intens, utfordrande og til tider slitsam, men først og fremst skikkelig artig, lærerik og SÅ flott! Det vart utan tvil konsertar som ga både oss som songarar og dei i publikum ei heilt unik oppleving.


Vår vandring i norsk folkemusikk der me var innom alt ifrå brudemarsjar og godnatt-songar til salmar og samisk joik medan me forflytta oss og publikum rundt omkring i katedralen, rørte ved både musikalske og kjenslemessige sider av oss. Den dyktige koreografen og regissøren av det heile, finske Päivi Järvinen, utfordra oss til å nytte kvar meter av rommet som mektige Nidarosdomen har å by på. Ho klarte på denne måten å skape det tredimensjonale og unike uttrykket ho gjerne ville oppnå. Denne dama er ikkje redd for å prøve noko nytt og utfordre det tradisjonelle, og la fram idear som me i byrjinga mogleg var litt småskeptiske til.. ;) "Skal me verkeleg gjere det der??!" Men etterkvart vart me berre meir og meir gira på kva ho no kom til å finne på, og verken dansing eller å berre bruke delar av bunaden vart noko problem. Resultatet vart jo berre så utrulig bra!!


Me hadde også med oss musikarane Unni Boksasp (folkesongar), Trygve Brøske (pianist og arrangør) og Espen Aalberg (perkusjonist). Desse tre dyktige og allsidige menneska, og deira musikalske evner, gjorde konsertane spesielle. Det vart ein heilt ny sjanger for oss i Cantus når det gjaldt songar, arrangement og tonalitet, men det ga oss ei gyllen moglegheit til å lære og prøve noko nytt. Kvarttonar, trillar og krullar er ikkje noko me gjer kvar dag ;) Jammen klarte me oss bra likevel! Alle våre fire samarbeidspartnarar var heilt unike når det gjaldt godt humør, formidlingsevne og fleksibilitet. Dette gjorde det inspirerande å arbeide med eit såpass omfattande prosjekt. Tusen, tusen takk til Päivi, Unni, Trygve og Espen for eit herleg og erfaringsrikt samarbeid! Me må også takke vår fantastiske dirigent, Tove, for at ho nok ein gong klarer å få fram det beste i oss, både når det gjeld musikk og uttrykk. Du er jo berre best!


Til slutt vil me takke dei av dykk som vart med oss på denne vandringa gjennom norsk folkemusikk. Publikum var aktive deltakarar denne gongen, og me kunne ikkje bedt om meir opensinna og velvillige tilskodarar! For oss var det spesielt flott å få vere så nært på dykk og verkeleg få formidle musikk frå hjarte til hjarte. Dette er ei oppleving me kjem til å bere med oss lenge!

SPOR - ei vandring i norsk folkemusikk

Me er som tidlegare nemnt godt i gong med ein innhaldsrik vår! Det vart dessverre ingen Grammy på SPES og Morten Lindberg tidlegare i februar, men me er likevel så stolte over at albumet vårt vart nominert til ein så gjev pris! I våre auge er det ein siger i seg sjølv :) 


No ser me framover mot vårens store happening, nemleg konsert i Nidarosdomen! Konserten har fått tittelen SPOR, og finn stad 1. og 2 april. Her vil det meste av repertoaret vere norsk folkemusikk, med særleg fokus på musikk frå Midt-Noreg. I dette høve er Cantus så heldige at me får med oss dei dyktige folkemusikarane Unni Boksasp og Trygve Brøske. Unni er folkesongar, medan Trygve er pianist og komponist. Dei er med oss på øvingar no gjennom våren, og utfordrar oss til å utforske musikk med ein vokaltradisjon dei færraste av oss har prøvd før. Dette er både spennande og lærerikt!


Under konserten vil me utforske det fantastiske kyrkjerommet Nidarosdomen har å by på. Me har derfor også fått med oss koreografen Päivi Järvinen frå Finland. Ho vil hjelpe oss med å få fram eit visuelt uttrykk som forsterkar og komplimenterar folkemusikkens musikalske uttrykk. Nærleik til publikum er eit sentralt stikkord under denne konserten. Me vil som alltid prøve å skape eit emosjonelt uttrykk som supplerer det musikalske, og som treff publikum.


Dette vert med andre ord ein spennande og unik
konsert som me ser veldig fram til! Meir informasjon om tidspunkt og billettar finn du til høgre her på nettsida under "kva skjer"-fana.
Då gjenstår det berre å ynskje deg hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå deg der!


12496349 1334617276564558 2269002857081046298 o

Vi er klare for nok en fantastisk Cantus-vår!

Det er bare èn måned siden vi startet semesteret, men allikevel har vi fått gjort mye på kort tid og arbeidet med mye spennende og morsomt repertoar. Denne våren satser vi nemlig stort på folkemusikk og koret får virkelig prøvd seg når vi skal ta fatt på et helt nytt uttrykk, samt en del kvarttoner her og der.  Grammy, Spor og Japan er stikkord for dette semesteret, og vi gleder oss stort til alt som skjer og alle de vi skal samarbeide med de neste månedene.

 

Selv om vi hovedsakelig har fokuset på vårens konserter, går vi spent og venter på årets Grammy-resultat. Morten Lindberg og plateselskapet 2L, er nemlig nominert i kategorien ”Best surround sound” med plata vår SPES. Bare det å være nominert er i seg selv helt fantastisk, men vi må jo innrømme at det hadde vært ekstra artig å kunne skilte med ei Grammy-vinnende plate på CV’en! Fram til utdelingen den 15. februar krysser vi alt vi har av fingre og tær!

 

Det finnes selvfølgelig også et kor-liv utenom Grammy-nominasjoner også, og det første som står på plakaten for koret er konserten Spor som blir i Nidarosdomen 1. og 2. April. Vi har allerede kommet godt i gang med innøving av repertoar til konsertene, og det blir en konsert man absolutt ikke vil gå glipp av om man er glad i kor og folkemusikk. Som musikalske samarbeidspartnere til denne konserten har vi med oss Unni Boksasp og Trygve Brøske. Vi får også hjelp til å røre på oss under konserten for vi har nemlig med oss den fantastiske koreografen Päivi Järvinen! Vi er sikker på at dette til sammen er oppskriften på suksess så når billettene blir lagt ut for salg om ikke så alt for lenge er det bare å hive seg rundt!

 

Vi gleder oss stort til både Grammy-utdelingen og Spor-konsertene og håper at dere vil følge oss videre denne våren også. Det jobbes også med forhandlinger rundt et prosjekt som muligens vil skje ganske snart, og hvis det går i boks skal vi love dere at dere kommer til å få høre om det! Dette blir en fantastisk Cantus-vår dere!

Hva skjer

11
des
2016

19:00

(Lagre i kalender)

Kongens gate 5, 7011 Trondheim, Norway

Ta en pause fra julestria og ønsk julen velkommen med Cantus, når de inviterer til sin tradisjonsrike julekonsert i Vår Frues Kirke. Dirigent: Tove Ramlo-Ystad
Klaver: Bjørn Willadsen
Saxof...


Les mer

Pris: 300/200 NOK
Konserter


13
des
2016

07:30

(Lagre i kalender)

Kongens gate 5, 7011 Trondheim, Norway

Tradisjon tro inviterer Cantus til stemningsfull Luciamorgen i Vår Frue kirke. Sammen med 5. trinn på Tonstad skole og Espen Berg på piano, byr vi på adventsstemning og lussekatter denne tidlige desem...


Les mer

Pris: 200/75 NOK
Konserter


Audio

Følg oss på facebook

Cantus på Twitter

CantusNorway Luciakonsert med Cantus den 13. desember er ein magisk desembermorgon du ikkje vil gå glipp av! Kjøp billettar her:… https://t.co/k47c4xppXd
CantusNorway Det er ikke bare Cantus du får høre på julekonsertene våre 11. og 13. desember. Bjørn Willadsen er en norsk... https://t.co/g3qYwGHOMR
CantusNorway Tradisjon tru vert det julekonsert med Cantus den 11. desember i Vår Frue kirke. Kjøp billettar her:… https://t.co/TfKPBqfD2m
CantusNorway Hvis du er litt usikker på om du kommer til å få ordentlig julestemning i år, eller hvis du bare har lyst på litt... https://t.co/snT0anTsDr
CantusNorway Bli med på nye eventyr med Cantus! Cantus inviterer til prøvesang på alle stemmegrupper. Vi ønsker at du har god... https://t.co/wvNikxBfKp
CantusNorway Vi nærmer oss første søndag i advent, og vi er i full gang med øving til julekonsertene våre. Er du på jakt etter... https://t.co/ps3VaeZPUm
CantusNorway I dag feirer vi Kammerkoret Aurum, som markerer 10 år og CD-slipp med konsert i Øysteinsalen. Gratulerer så mye!... https://t.co/4dkcDJmXUK
CantusNorway Vi har fått mange spørsmål om billetter til vår tradisjonsrike julekonsert, og nå er de endelig lagt ut! Vi... https://t.co/vPOZxrHQOX
CantusNorway En liten bukett konsertklare Cantuskvinner. Tusen takk til alle som kom på konsertene våre i går! :) https://t.co/RBXHlmUrUV
CantusNorway Noen ganger klaffer det bare! Vi har besøk av Eric Barnum og har hatt en utrolig inspirerende øvingshelg sammen.... https://t.co/DC3xWuRRI7
CantusNorway Nå er vi faktisk helt utsolgt for billetter til helgas konsert! Det er heldigvis ikke lenge til muligheten byr... https://t.co/4TBI1tunwu
CantusNorway Vi tar nok et dypdykk i arkivene. Den gule Cantus-sekken har vært med oss lenge og blitt et slags varemerke. Når... https://t.co/woAEhCw3pp
CantusNorway Trygve Brøske har fulgt Cantus gjennom mange år, senest på konserten "Spor" som vi hadde i vår. Trygve er... https://t.co/OJjhJrVAK5
CantusNorway Nå er det bare en uke igjen til konserten “Til Cantus”, hvor vi skal synge et utvalg stykker skrevet til Cantus.... https://t.co/YMzRi5OJoT
CantusNorway På jubileumskonserten "Til Cantus" den 13. november er vi så heldige å få storfint besøk av den amerikanske... https://t.co/sZDZLBYEES

Cantus på Instagram