SPOR – ei flott og spesiell oppleving


No har me, litt etter litt, landa etter ei innhaldsrik veke. Heile førre veke øvde me kvar kveld i vakre Nidarosdomen. Oppkøyringa til og gjennomføringa av Spor var intens, utfordrande og til tider slitsam, men først og fremst skikkelig artig, lærerik og SÅ flott! Det vart utan tvil konsertar som ga både oss som songarar og dei i publikum ei heilt unik oppleving.

Vår vandring i norsk folkemusikk der me var innom alt ifrå brudemarsjar og godnatt-songar til salmar og samisk joik medan me forflytta oss og publikum rundt omkring i katedralen, rørte ved både musikalske og kjenslemessige sider av oss. Den dyktige koreografen og regissøren av det heile, finske Päivi Järvinen, utfordra oss til å nytte kvar meter av rommet som mektige Nidarosdomen har å by på. Ho klarte på denne måten å skape det tredimensjonale og unike uttrykket ho gjerne ville oppnå. Denne dama er ikkje redd for å prøve noko nytt og utfordre det tradisjonelle, og la fram idear som me i byrjinga mogleg var litt småskeptiske til.. 😉 «Skal me verkeleg gjere det der??!» Men etterkvart vart me berre meir og meir gira på kva ho no kom til å finne på, og verken dansing eller å berre bruke delar av bunaden vart noko problem. Resultatet vart jo berre så utrulig bra!!

Me hadde også med oss musikarane Unni Boksasp (folkesongar), Trygve Brøske (pianist og arrangør) og Espen Aalberg (perkusjonist). Desse tre dyktige og allsidige menneska, og deira musikalske evner, gjorde konsertane spesielle. Det vart ein heilt ny sjanger for oss i Cantus når det gjaldt songar, arrangement og tonalitet, men det ga oss ei gyllen moglegheit til å lære og prøve noko nytt. Kvarttonar, trillar og krullar er ikkje noko me gjer kvar dag 😉 Jammen klarte me oss bra likevel! Alle våre fire samarbeidspartnarar var heilt unike når det gjaldt godt humør, formidlingsevne og fleksibilitet. Dette gjorde det inspirerande å arbeide med eit såpass omfattande prosjekt. Tusen, tusen takk til Päivi, Unni, Trygve og Espen for eit herleg og erfaringsrikt samarbeid! Me må også takke vår fantastiske dirigent, Tove, for at ho nok ein gong klarer å få fram det beste i oss, både når det gjeld musikk og uttrykk. Du er jo berre best!

Til slutt vil me takke dei av dykk som vart med oss på denne vandringa gjennom norsk folkemusikk. Publikum var aktive deltakarar denne gongen, og me kunne ikkje bedt om meir opensinna og velvillige tilskodarar! For oss var det spesielt flott å få vere så nært på dykk og verkeleg få formidle musikk frå hjarte til hjarte. Dette er ei oppleving me kjem til å bere med oss lenge!