Frå bursdagsfeiring til julefeiring!

11.-13. november hadde Cantus ei innhaldsrik og inspirerande øvingshelg utanom det vanlege. Koret hadde behov for input og nye utfordringar, og det fekk vi så absolutt. Vi fekk nemleg besøk av den amerikanske komponisten Eric William Barnum. Dette i samanheng med at han nettopp hadde skrive eit musikkstykke til oss, The Snow Shower, som vi skulle urframføre den helga. Han hadde veldig lyst til å kome til Trondheim og besøke Cantus, og dette sa vi sjølvsagt ja takk til! Barnum er ein dyktig komponist som etter vårt USA-besøk verkeleg har fått sansen for vårt musikalske uttrykk. Begeistringa er gjensidig. Musikken hans passar koret godt. Koret har ved fleire høve framført eit anna verk han har laga, Heaven full of stars. Vi er spesielt glade i korleis han så fint klarer å fokusere på teksta og det den vil formidle, samtidig som han brukar ein tonalitet som utfyllar og framhevar bodskapet. I tillegg er det veldig artig å bli utfordra som songarar.

I løpet av helga øvde vi både i Nidarosdomen og på vakre Snefugl gard i Buvika. Vi fekk vere heile laurdagen på garden og det var verkeleg ei fin ramme å synge i! Ein vakker stad med mykje historie, hyggeleg vertskap og kjempegod mat. Både vi og Barnum sette veldig pris på å få øve i så koselege og heilnorske omgjevnader. Det var ei spesielt flott oppleving for den amerikanske gjesten vår, som faktisk har norske anar. Hovudramma for helga var at Cantus feirer 30 år i 2016 og dette måtte vi feire! Helga vart avslutta med to bursdagskonsertar på søndagen i Frimurerlogen. Vi serverte gjestane våre kaffi og kaker, slik seg hør og bør på ein bursdagsfest! Konsertrepertoaret bestod av Cantus-musikk gjennom 30 år. Ein fekk mellom anna høyre Tante Sofies sinte vise arrangert av Trygve Brøske, Spes frå plata med same namn som vart Grammynominert i fjor, der Frode Fjellheim er komponist, og Lauvfall arrangert av Henning Sommerro. Alle desse er musikarar Cantus har samarbeida mykje med. Publikum fekk altså oppleve både gammal og ny, ukjent og kjent musikk i løpet av konserten. Det store høgdepunktet for oss var å få urframføre verket av Barnum som vi hadde øvd intenst på gjennom helga. Og ikkje nok med det, komponisten sjølv skulle dirigere! Konsertane vart ein stor suksess og vi koste oss skikkeleg saman med han og publikum. Cantus vil takke alle som deltok i feiringa saman med oss. Det var stas!

Fekk du ikkje med deg konsertane førre helg? Fortvil ikkje, snart kjem det nye moglegheiter! Tradisjon tru inviterer vi til julekonsert og Luciamorgen i Vår Frue kyrkje i desember. Vi garanterer julestemning og tør å kalle det førjulstidas høgdepunkt. Søndag 11. desember held vi konserten Nå tennes tusen julelys der du får høyre kjente og kjære julesongar, samt nokre heilt nye og spennande saker. Konserten startar kl. 19.00. Er du ein morgonfugl kan Luciamorgon passe for deg. Tysdag 13. desember kl. 07.30 inviterer vi og 5. klasse på Tonstad skule deg inn til tente lys, luciasongar og lussekattar. Det vil vi kalle ein koseleg start på ein kald desembermorgon!

Billettane fyker unna, så her gjeld det å sikre seg billettar før det vert utselt! Billettar kan du kjøpe på hoopla.no. Meir informasjon og lenke til billettkjøp finn du på hendinga i margen på denne sida. Vi gledar oss til å sjå deg der, velkomen skal du vere!!